Ryvarden Kulturfyr

thumb_up 5621 likes
rate_review 69 Reviews
favorite 2044 favorites
Mølstrevåg
5559 Sveio, Norway
phone
Click to show phone
Request for information

Ryvarden Kulturfyr Company Information

General information

Ryvarden kulturfyr - ei oppleving

Å besøkja Ryvarden utan å kjenna at kreftene i naturen påverkar kropp og sjel er umogeleg. Ryvardsneset strekkjer seg ut i havet, som for å bera deg lengst mogeleg ut til den sterke opplevinga av møte mellom hav og himmel. Om hauststormane herjar og du nærast må leggja deg på vinden her ute, eller om havet ligg blikk stille, kryp inntrykka inn under huda og blir der.

Du kan rusla den halvtimes turen ut for trimmen og naturopplevinga sin del, eller du kan få med deg kunstutstilling i galleriet og nyta nysteikte vaflar. Du kan til og med få oppleva å bu her ute i havgapet, og frå vindauget vil du ha panorama med himmel og hav i tre retningar. Kva du enn vel, vert det ei unik oppleving. Me ønskjer deg hjarteleg velkommen!

Galleri og galleributikk

I Galleriet er det kunstutstillingar med høg kvalitet. Første søndag kvar månad vert ny utstilling opna. I Galleributikken sel me bruks og biletkunst. Her kan du kjøpa kvalitetsprodukt til deg sjølv eller gåver.

Kafèen

I kafèen kan du få varmen i deg på kalde dagar, med kaffi eller te og nysteikte vaflar. Me har også annan matservering. Ta deg tid til ei god matoppleving etter spaserturen ut, og få påfyll til turen heim.

Selskapslokale, kurs og konferanse

Skal du arrangera seminar, møte eller kurs? Kva med ei fantastisk naturoppleving på kjøpet? Frå møtelokala på Ryvarden opplever deltakarane storslått panoramautsikt i alle retningar. Ein er innomhus, men opplever likevel å vera i naturelementa. Dette vil gje kurset, seminaret eller møtet ein ekstra dimensjon som gjester, medarbeidarar og forretningskontaktar garantert vil setja pris på. I samband med kurs og arrangement har de sjølvsagt høve til å køyra heilt ut til fyret. For mindre grupper anbefaler me møte med overnatting. Å vakna på Ryvarden skapar eit godt utgangspunkt for gode diskusjonar og vedtak. I tillegg til møtelokalet har me også grupperom som kan nyttast. Me tilbyr servering etter nærare avtale på arrangement. Me kan servera inntil 50 personar.

Overnatting

I fyrmeisterbustaden tilbyr me overnatting for inntil 8-10 personar. Bustaden vart oppgradert i 2007, og har god standard. Her kan du kjenna fyrlivet på kroppen. Med naturen tett på, ulande vind rundt hushjørna, piskande regn på ruta eller sol frå høg himmel, kan du nyta fred, ro og barsk natur. Ei gåve for kropp og sjel.

Kunstnaropphald

Er du kunstnar og kan tenkja deg arbeidsopphald på Ryvarden? Du bur i fyrmeisterbustaden og disponerer atelier i nabohuset. Sjå nettsidene våre for nærare informasjon og søknadsprosedyrar.

http://ryvarden.no/

Mølstrevåg Sveio

Opening hours
Sunday:
11:00 - 16:00
Parking
The company has a parking lot.
Phone number
+4753740041
Linki
Social Accounts
Keywords
kafé, overnatting

Ryvarden Kulturfyr Reviews & Ratings

How do you rate this company?

Are you the owner of this company? If so, do not lose the opportunity to update your company's profile, add products, offers and higher position in search engines.

A similiar page for your business? Make sure everyone can find you and your offer. Create your dedicated company page on Yellow Pages Norway - it's simply and easy!
Add your company