Bu i Sunnhordland Company Information
General information
Om "Bu i Sunnhordland"
Omdømmebygging av Sunnhordland er eit langsiktig arbeid for å styrkja regionen som bu- og arbeidsregion.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland er ein aktiv pådrivar for rekruttering av nye innbyggjarar og arbeidstakarar til Sunnhordland. Regionen har mykje bra å tilby, men desse kvalitetane er ikkje godt nok kjende. Saman med næringsliv og andre offentlege aktørar har samarbeidsrådet difor sett i verk eit eige omdømme- og rekrutteringsprosjekt. Dette arbeidet har som mål å auka kjennskapen til regionen.
Eit viktig verktøy i dette arbeidet er mellom anna nettportalen buisunnhordland.no, der ein også finn ein eigen CV-database for Sunnhordland. I tillegg arrangerer samarbeidsrådet Sunnhordlandstreff i og utanfor regionen og deltek på messer og andre arrangement. I 2013 blir det også satsa stort på ein eigen film om regionen. Denne er i produksjon, og vil vere ferdig i løpet av hausten. Det er også oppretta eit eige samfunn på facebook som heiter "Bu i Sunnhordland" (som du no er inne via).
For å lukkast med omdømmebygginga, er det heilt essensielt at flest mogleg blir med på laget som gode sunnhordlandsambassadørar. Regionen har nærare 60.000 innbyggjarar. Alle desse, saman med næringslivet er viktige ambassadørar. Samarbeidsrådet inviterer også næringslivet med slik at dei kan verte økonomiske støttespelarar i omdømmearbeidet.
Hovudmålet for prosjektet er å medverka til at Sunnhordland vert oppfatta som ein attraktiv bu- og arbeidsregion for arbeidstakarar, og å gjera det enklare for enkeltverksemdene i regionen å rekruttera arbeidskraft nasjonalt og internasjonalt.
Borggata 57 Stord
- Opening hours
-
Monday:08:00 - 15:30Tuesday:08:00 - 15:30Wednesday:08:00 - 15:30Thursday:08:00 - 15:30Friday:08:00 - 15:30
- Parking
- The company has a parking lot.
- Phone number
- +4753456790
- Linki
- Social Accounts
- Keywords
- markedsføringsbyrå
Bu i Sunnhordland Reviews & Ratings
How do you rate this company?
Are you the owner of this company? If so, do not lose the opportunity to update your company's profile, add products, offers and higher position in search engines.