Os Internasjonale Skulptursymposium
5200 Osøyro, Norway
Os Internasjonale Skulptursymposium Company Information
General information
26. juni 2017 er det igjen klart for skulptursymposiet på Os. Sidan 1999 har Os kulturutvikling, skipa til Os Internasjonale Skulptursymposium anna kvart år, bortsett frå i 2015, då vart symposiet erstatta med ei stor utstilling i Os sentrum. I år kjem vi sterkt tilbake og gler oss samtidig til å ta i bruk "Nye Vognhallen". Kunstnarane arbeider i marmor og granitt og står utandørs. Publikum som kjem innom kan følgje prosessane på nært hald.
Os kulturutvikling sel alle skulpturane på førehand, til privatpersonar og bedrifter i Os og elles i bergensområdet. Ingen av kjøparane veit kva skulptur dei får, eller kven som har laga han. Siste dagen vert alle skulpturane stilte ut, og ei loddtrekking avgjer kven av kjøparane som får velja skulptur fyrst. Slik held det fram til alle har valt. Til å byrja med var ikkje skulptørane veldig glade for denne måten å gjera det på, men dei har vel innsett at dette er noko av det spesielle med symposiet i Os.
Sidan 1999 har omlag 50 skulptørar frå heile verda delteke, og laga kring 75 skulpturar. Dei fleste skulpturane er laga i marmor, nokre i granitt eller andre steinslag. Mange av arbeida frå symposia er å finna ymse stader i Os. Mellom anna har Os kommune kjøpt fleire skulpturar. Desse kan ein finna ymse stader i bygda, til glede for fastbuande og tilreisande
Arrangementet er gratis for publikum - les meir: www.sculpture.no
Mobergsbakken 1 Osøyro
- Opening hours
- Parking
- The company has a parking lot.
- Phone number
- +4790792575
- Linki
- Social Accounts
- Keywords
- museum, sculpture
Os Internasjonale Skulptursymposium Reviews & Ratings
How do you rate this company?
Are you the owner of this company? If so, do not lose the opportunity to update your company's profile, add products, offers and higher position in search engines.